Haust treff 22 – 25 august 2019, er lagt til indrefileten av Noreg. Frå fjord til høgste fjell. Med gode mat-opplevingar!  Vi møtast til middag Torsdag 22 august, kl. 19.00, på ærverdige Elveseter hotell i Bøverdalen. Ein plass som tilbyr eit opphald kor norsk kunst og kultur står i fokus, med god plass til sosialt samvær. https://elveseter.no/

Elveseter 1

 

Elveseter 2

 

Det vert òg moglegheit til å kome fredag 23 august, kor vi heldt vi oss i fjellet, Jotunheimen.

Brimi 1 2

Vi møtast da på Brimi sæter, https://www.brimi-seter.no/ , til eit gourmet måltid. Køyrer i fellesskap opp Noregs høgste veg til Juvasshytta, https://juvasshytta.no/, tittar på Galdhøpiggen, Noregs høgste fjell, før vi tek ein tur inn i Klimaparken, https://klimapark2469.no/ . Her vert vi omgjeve av ei 7000 år gamal isbre. 

Galdhopiggen

Laurdag 24 august køyrer vi mot fjorden/havet. Har Breheimen nasjonalpark, og Reinheimen nasjonalpark, på kvar si side av vegen vi køyrer. Er veret bra tek vi ein tur opp på Dalsnibba https://www.dalsnibba.no/ , og vitjar Geiranger.

Dalsnibba

Det spesielle med Noreg er at vegen, og opplevingane ikkje er dei same om vi køyrer same veg attende. Nyt attendeturen, og opplev endringa.

Tek ein stopp ved http://www.billingen.no/ , med presentasjon av Breheimen, og vi ruslar ein tur på kulturløypa, (600 meter) som ei av våre medlemmar har vore med å få tilrettlagt. Ynskjer dykk ikkje å gå runda i MC-støvlane, ta gjerne med joggesko e.l.

Pris for opphald, mat og inngangs skilling, er stipulert til: , med presentasjon av Breheimen, og vi ruslar ein tur på kulturløypa, (600 meter) som ei av våre medlemmar har vore med å få tilrettlagt. Ynskjer dykk ikkje å gå runda i MC-støvlane, ta gjerne med joggesko e.l.

Pris for opphald, mat og inngangs skilling, er stipulert til; 

Pris - Torsdag – Sundag;

Standard enkeltrom: NOK 4 625:-
Moderne enkeltrom: NOK 5 185:-

Standard dobbeltrom: NOK 3 825:-/person
Moderne dobbeltrom: NOK 4 325:-/person

Pris - Fredag – Sundag;

Standard enkeltrom: NOK 3 475:-
Moderne enkeltrom: NOK 3 870:-

Standard dobbeltrom: NOK 2 950:-/person
Moderne dobbeltrom: NOK 3 285:-/person

Omregningskurser:
NOK til DKK: 0,76
NOK til SEK: 1,09
NOK til ISK: 14,29
NOK til EUR: 0,102

Kontonummer

DK: Sparekassen Sjælland – Fyn 5292-255347, IBAN: DK6852920000255347, BIC/SWIFT: SWESDK22

FI: Nordea tilinumero: FI71 1175 3500 1304 80

IS: IBAN IS 61 0526 1412 0244 2907 4677 99, SWIFT (BIC) : GLITISRE, 526-14-120244

NO: Postbanken konto 0540 2662109

SE: Handelsbanken Clear.nr 6816 Kontonr 41 524 562-1 

Det er og moglegheit for sjølvhushaldning ved å nytte leilegheit, som ligg litt ifrå Elveseter; Frukost og middag kan mot tillegg kjøpast av Elveseter. Pris pr. deltakar vil variere frå leilegheit til leilegheit. Leilegheitene har frå 2 til 6 sengar.

Drikke, utanom vatn, er ikkje teke med i pris, utanom øl til budsjettmøtet.

Sundag 25 august skilast våre vegar, etter frukost, med moglegheit til å ta ein tur opp på Sognefjellet, Noregs høgaste riksveg.

 

Ny påmeldingsfrist 8 juli, 2019!

Anmäl dig här!

 

PS! Alle må ha fylt opp tanken ved siste bensinstasjon (Lom, etter rundkøyringa) før framreise til Elveseter.

 

Når dykk nå tek turen til Indrefileten av Noreg så er det ikkje alt vi får presentert på dei få dagane vi er samla.

Kva med å leggje inn eit par dagar ekstra, og vitje; https://www.norskfjellsenter.no/  for så å køyre vidare over https://www.nasjonaleturistveger.no/no/turistvegene/gamle-strynefjellsvegen  (triveleg Grusveg)

Gjev dykk oss eit tips, på samlinga, om at  dykk tek denne køyreturen, så ventar vi med kaffi, og kanskje ein matbit på toppen av vegen, i vår fjellbu. 

Ved å køyre 55 vidare opp frå Elvester så får dykk med https://www.nasjonaleturistveger.no/no/turistvegene/sognefjellet. Ei fin oppleving for ein dag vert køyreturen til Dombås (Asfaltvegar) eller Lesja (Grusveg) og ta ein tog-tur; https://www.visitnorway.no/reisemal/vestlandet/nordvest/listings-northwest/turforslag-med-tog:-raumabanen/22561/ 

Denne turen meiner nokre er vel så eksotisk som Flåmsbana, og ikkje med så mykje turistar.  Eg anbefaler likevel å bestille plassbillett, som er inkludert i prisen. 

Berre nokre få tips, av dei opplevingane området har tilbod om.